Ein film som Sigurd Lundal laga og som viser historia til Lundal-familien.
Dette er ein video som Johan tok opp under bygginga av hyttene. Videoen viser dugnadsinnsatsen og samhaldet som har gitt oss det paradiset me har i dag.
Anna og Ingebjørg held kurs i kunsten å laga krotakaker og lefser. Videoen er frå arkivet til Johan.
Her er eit kort utsnitt av ein film Magne Langåker var med på å laga på 90-talet. Filma for det meste frå helikopter med spesiallaga kamerarigg som filma med tre kamera i 180 grader. Dette utsnittet er frå det midterste kameraet og viser flyging oppover dalen vår. Skikkeleg action og sikkert ulovleg både då og no. Vist i mange år i Lille Maritim i Haugesund.